- 56 51 20 00
- kundemottak@bilbruket.no
- Mån-Fre 08:00-16:00
Alltid opent!
Med vår Sharebox kan du levere og hente bil også utanfor opningstida.

For å hente i Sharebox treng du ein smarttelefon.
Du må gi oss beskjed dersom du vil hente etter opningstid. Me legg nøkkelen din i Sharebox, og sender ei tekstmelding til din telefon med ei lenke.
For å betale din ordre klikker du på lenka du fekk på telefonen. Følg anvisninga for å gjennomføre betaling med Spense (kort, Vipps eller faktura).
Tast inn vår Location ID 592 på telefonen og bekreft.
Når knappen på Sharebox lyser grønt trykker du på den. Nøklane dine kjem ut. Du kan legge eventuelle leigebilnøklar inn i samme luka.
Du treng ikkje ha med telefonen for å levere i Sharebox.
Bilbruket sin parkeringsplass er på oppsida av bygget. Lås bilen og ta med nøklane inn til Sharebox. Velg "Innlevering" på touchskjermen.
Tast inn reg.nr på bilen og mobilnummeret ditt på skjermen. Trykk "neste".
Trykk på knappen når den lyser grønt.
Legg nøklane inn i boksen.
Trykk på knappen ein gong til for å lukke.
Du kan levere bilen din sjølv om du ikkje har ein timeavtale.
Ta kontakt med kundemottaket i opningstida neste dag.
Leigebilar kan hentast og leverast med Sharebox. Avtal henting og levering med kundemottaket.