Service

Bilens serviceprogram

Bilens serviceprogram

Service hjå oss ivaretar bilprodusenten sine garantiar. 

Det er også viktig at bilen får jamnleg oppfølging og service for at den skal vera driftssikker og trygg.

 

Intervall

Intervall

Kva som inngår i kvar service varierer mellom bilar, alder og køyrelengde. Vårt verkstadsystem har full oversikt over kva som inngår i din neste service. Du kan også lese meir i serviceheftet for bilen din.


MECA Veghjelp

MECA Veghjelp

Når du tar service på Bilbruket får du eitt års kostnadsfri MECA veghjelp på kjøpet.

Image

Oljeskift

Kor ofte?

Kor ofte?

Viss du følger bilens serviceprogram og køyrer "normalt" vil olja vanlegvis halde seg fint til neste service. Dette vil variere med korleis du bruker bilen, og mange skiftar olje ein gong i året for å ta best mogeleg vare på motoren.

Kva type olje?

Kva type olje?

Me nyttar utelukkande kvalitetsoljer, og passar sjølvsagt på at bilen din får den olja den skal ha.

Viss du vil skifte sjølv kan du gjerne kjøpe olje, filter og andre servicedeler hjå oss.


Har du peiling?

Har du peiling?

Sørg for å sjekke oljenivået på bilen jamnleg, og etterfyll dersom du ligg under minimumsstreken.

Det er normalt for alle bilar å bruke "litt" olje, men dersom nivået er svært lågt kan det skuldast ein lekkasje eller feil i motoren. Då bør du ikkje køyre bilen før feilen er utbetra.

Det er også viktig at du ikkje fyller for mykje olje. Peil olja fleire gonger medan du fyller litt og litt.

Image

EU-kontroll

PKK

PKK

Periodisk køyretøykontroll (PKK) er ein lovpålagd teknisk kontroll. Personbilar og varebilar skal kontrollerast ein gong kvart 2. år eller oftare. Lastebilar skal til årleg kontroll.

Kontrollen må utførast på ein godkjend bilverkstad av autorisert kontrollør.

Bilbruket kan utføre PKK for køyretøyklassar B og C1.

Kva er fristen?

Kva er fristen?

Du vel sjølv kva tid bilen skal til kontroll, så lenge den er godkjend innan fristen.

Sjekk frist for din bil her.


Kva er det som kontrollerast?

Kva er det som kontrollerast?

Periodisk køyretøykontroll består av to deler - trafikktryggleik og miljø.

I tryggleiksdelen kontrollerast mellom anna lys, sikt, hjul, belter og bremser.

I miljødelen målast støy og avgassar.

PKK avdekker kun feil og manglar som den lovpålagde kontrollen omfattar, og gir ikkje eit fullstendig vurderingsgrunnlag for bilen sin tilstand og verdi.

 

Prisar

Prisar

Klasse B (inntil 3500kg): 1290 ink.mva
Klasse C1 (3500-7500kg): 1790 ink.mva

 

Image

Klimaservice

Kvifor?

Kvifor?

Klimaanlegget er systemet som styrer lufta inni bilen din og sørger for nedkjøling, varme og ventilasjon. Det er normalt at klimaanlegget tapar litt kjølemiddel, omlag 5 – 10 % pr. år. Over tid mistar difor klimaanlegget evna til å kjøle og varme opp luft like effektivt.

Gamle, tørre og sprukne tettingar i anlegget kan føre til større lekkasjar. Dersom det går kang tid utan påfylling av kjølemiddel aukar slitasjen på kompressoren, som kan havarere dersom den vert overbelasta.

Dersom klimaanlegget ikkje har vore i bruk om vinteren vil de samle seg skit og fukt i kanalane som kan føre til at bakteriar og muggsopp hamnar i kupèen om våren.


Korleis?

Korleis?


Me tømmer systemet for kjølemiddel, reingjer det og sjekkar for eventuelle lekkasjar. Deretter fyllast systemet med kjølemiddel att. Å bytte kupèfilter mellom servicar vil også bidra til å halda klimaanlegget og lufta i bilen din frisk og rein.

Service på klimaanlegget bør utførast minst annakvart år, men er sjeldan inkludert i bilen sitt vanlege serviceprogram, og er difor fort å gløyma. Spør oss om klimaservice når du er innom!

 


Pris

Pris

Pris på klimaservice er mellom anna avhengig av kva kjølemiddeltype bilen din nyttar og kor mykje som må etterfyllast. Ta kontakt med oss for priseksempel.
Image

Hjulstilling

Kvifor er rett hjulstilling viktig?

Kvifor er rett hjulstilling viktig?

Feil hjulstilling fører til auka slitasje på dekka dine. Det kan også medføre auka drivstofforbruk fordi dekka dine vert skeivslitte og får nedsett stabilitet.

Ved hjulstillingskontroll sjekkar me at alle hjula er vinkla riktig og korrigerer eventuelle feil.

 


Du bør ta ein hjulstillingskontroll dersom

Du bør ta ein hjulstillingskontroll dersom

  • Du ser at dekka dine har ujamn slitasje.
  • Dersom rattet ikkje ligg i midtstilling når du køyrer rett fram.
  • Dersom du kan merke at bilen trekk mot eine sida sjølv om du har rett lufttrykk i dekka.


Pris

Pris

Pris på hjulstillingskontroll hjå oss er kr 1390 ink.mva

Eventuelt arbeid med retting av feil på hjulstilling kjem i tillegg.

Image

Automatgir

Kva treng eg?

Kva treng eg?

Skitten og forureina olje har låg smøreevne. Dette fører til høgare drivstofforbruk, ujamn giring og aukar risikoen for havari på girkassa.

Normalt skal ei girkasse vare i heile bilens levetid, men dersom den ikkje vert halden godt vedlike så risikerer du at den går i stykker. Girkassa er ein av dei dyraste komponentane i bilen, så det løner seg å ta godt vare på den.

Viss du har kjøpt ein bruktbil med automatgir, køyrer mykje med tung tilhengar eller brukar bilen mykje anbefalar me å gje girkassa litt ekstra merksemd.


Flushing

Flushing


Flushing betyr at ein køyrer rein olje tilsett eit spesielt rensemiddel gjennom girkassa. Dette rensar ut lause partiklar og avleiringar frå kassa som ellers ville blitt liggande og føre til slitasje. Etter rens fyller me på ny og rein girolje av høg kvalitet.

Me nyttar oljer frå BG, som gir deg svært gode garantivilkår. Les meir her.


Pris

Pris

Prisar varierer etter kva type girkasse du har. Spør oss om pris.
Image

El-bil

Eg har elbil. Kva må eg tenke på?

Eg har elbil. Kva må eg tenke på?

Elektriske bilar har ein langt enklare konstruksjon enn bilar med forbrenningsmotor. Dette betyr at servicebehovet for ein elbil også er ganske ulikt frå andre bilar - men det er også mange fellesnemnarar.

Med elektrisk bil slepp du oljeskift, men du har framleis dekk, hjuloppheng, styring, bremser, lys og klimaanlegg som treng jamnleg service og oppfølging akkurat som på alle andre bilar.



Brems!

Brems!

Ein av dei vanlegaste utfordringane med elektriske bilar er rust på bremseskiver. Dette kjem av at elektriske bilar bremsar i langt større grad ved hjelp av motoren. Det er bra for deg med rekkeviddeangst å få lada litt opp i nedoverbakke - men bremsene dine rustar fortare når dei ikkje vert brukte.


Bilbruket er godkjend elbil-verkstad.

Bilbruket er godkjend elbil-verkstad.

Du kan trygt ta service og reparasjonar på din el- og hybridbil hjå oss, uavhengig av merke og alder. Dersom bilen er dekka av nybilgaranti så gjeld denne også etter service hjå oss.

Våre mekanikarar har utdanning og kompetanse på el- og hybridbilar. Me har riktig verktøy, lademogelegheiter på verkstaden, og utfører sjølvsagt alt arbeid i tråd med produsenten sine rettingslinjer.

Ved årsservice hjå oss får du alltid eitt års fri MECA Veghjelp. Dette gjeld også for deg med el- eller hybridbil.
Image

Ekstralys

Kva er lov?

Kva er lov?

I 2018 blei lovverket for ekstralys endra i Noreg. Endringa medfører at du no kan montere så mange ekstra lykter du berre vil på bilen din. Det er likevel ikkje heilt fritt fram for korleis du skal plassere desse, og korleis dei skal styrast 

Det er viktig å sjå - og å bli sett. Dette erfarar me alle, kvar einaste dag i vinterhalvåret. D

Bilbruket forhandlar og monterer godkjende ekstralys på alle typar bilar.




Kva lykter vil du ha?

Kva lykter vil du ha?

Bilbruket sin leverandør av lykter og tilbehør er Ekstralys.no.

Du får samme eller betre pris hjå oss som prisane du finn i nettbutikken til Ekstralys.no. Du kan gjerne finne fram til kva lyktmodell du ynskjer før du kjem til oss. Arbeid med montering av lykter kjem i tillegg.

Sjå i nettbutikken til ekstralys.no her.

NB du bestiller lyktene hjå oss, ikkje i nettbutikken.

 

 


Image
Image

Tilstandsrapport

Kva er ein tilstandsrapport?

Kva er ein tilstandsrapport?

Ein tilstandsrapport er ein omfattande teknisk kontroll av bilen. Dersom du skal kjøpe eller selge ein bruktbil vil ein tilstandsrapport gje eit godt grunnlag for å vurdere pris.


Kva sjekkast?

Kva sjekkast?

Kontrollen omfattar mellom anna motor, girkasse, bremser, hjuloppheng, styring, batteri, eksosanlegg, lys, rust, airbag, bilbelter, inventar og klimaanlegg. For å avdekke eventuelle skjulte feil og manglar i bilen sine elektroniske system inngår også ein diagnosetest.

Sjølv om ein tilstandsrapport er grundig, vil det aldri vera mogeleg å garantere at feil ikkje finst. Det kan til dømes vera skjulte feil i elektronikk, motor eller girkasse som ikkje kan avdekkast utan å plukke bilen i frå kvarandre.


Kva kostar ein tilstandsrapport?

Kva kostar ein tilstandsrapport?

Tilstandsrapport utførast av våre mest erfarne mekanikarar.

Pris på tilstandsrapport kan variere med kva du ynskjer undersøkt. Ta kontakt med kundemottaket for meir informasjon.

Image

Veghjelp

MECA veghjelp

MECA veghjelp

Service hjå Bilbruket gir 1 års kostnadsfri MECA veghjelp.

Telefonnummer

Telefonnummer

03113

Verkstad

Verkstad

Viss ikkje problemet kan løysast på staden får både du og bilen din skyss til næraste verkstad.
Image

Deler

MECA

MECA

Gjennom MECA tilbyr me eit av bransjens største og beste deleutvalg. Me skaffar også originaldeler.
Kvalitet

Kvalitet

Deler frå MECA held den samme kvaliteten som originaldeler, men til lågare pris.
Leveringstid

Leveringstid

MECA har eit enormt varelager og lynrask levering. I mange tilfelle kan me levere deler dagen etter du bestiller.
Image

Diagnose

Kva er diagnose?

Kva er diagnose?

Dei fleste bilar har elektroniske datasystem som kontinuerleg måler og styrer ulike komponentar i bilen. Våre diagnoseverktøy kan snakke med bilens datamaskiner og gir difor eit godt utgangspunkt for vidare feilsøking.

Korleis er diagnose nyttig?

Korleis er diagnose nyttig?

Bilen din loggfører avvik i frå normalverdiar og lagrar desse for avlesing. Med diagnoseverktøyet kan me lese av både loggførte og aktuelle verdiar på alle komponentar. Dette gir eit godt grunnlag for vidare feilsøking og sparer mekanikaren for mykje tid.

Kva bilar kan me diagnostisere?

Kva bilar kan me diagnostisere?

Verktøya våre snakkar med dei aller fleste biltypar og -merke. Likevel kan det vera enkelte deler av systema i din bil som berre produsenten har dataverktøya til å programmere. Ta kontakt dersom du lurer på om me kan hjelpe deg med diagnose på din bil.
Image

Reparasjon

Alle bilar

Alle bilar

Me utfører reparasjonar på dei fleste bilmerke og -modellar. Hjå oss er bilen din alltid i trygge og ansvarsfulle hender.
Feilsøking

Feilsøking

Før me kan utbetra ein feil må me finne den. Dette startar ofte med ei avlesing av bilen sitt feilmeldingssystem og ein kontroll av dei komponentane som mistenkast å vera årsak til feilen.

Ikkje vent

Ikkje vent

Ein feil kan føre til ein annan, så det løner seg å vera tidleg ute med å utbetre små problem før dei blir til noko større. Ta varsellamper på alvor med det samme, og ikkje nøl med å få undersøkt bilen dersom du opplever vibrasjonar eller ulydar.

Image