Spørsmål og svar om leigebilar

Her er dei spørsmåla me får oftast - ta kontakt med oss om du ikkje finn det du leitar etter!

Personbilar

Me har personbilar i ulike storleikar og prisklassar. Dei fleste bilane har IsoFix feste for barnesete og 5 seter.

Forsikring

Leigebilane våre er forsikra.

Dersom du skulle vera uheldig må du ta kontakt med oss straks. Kva som skjer vidare, og om du må betale ein eigenandel kjem mellom anna an på korleis skaden oppsto.

Nyttelast

Sjølv om det er plass til meir i bilen kan det vera at du overstig lovleg totalvekt viss du lesser inn meir. Sjekk vognkortet, der står det oppgitt kva grenser som gjeld for bilen. Viss du er usikker kan du svinge innom ein av vegvesenet sine trafikkstasjonar og vege bilen, døgeret rundt.

Du er sjølv ansvarleg for last og lastesikring. Spør oss om ekstra lastestropper viss du treng fleire.

9-setar

Våre 9-setarar kan du køyre med vanleg B-sertifikat.

Kven kan leige bil?

Den som skal køyre bilen må vera over 23 år og ha gyldig førarbevis for den aktuelle køyretøyklassen.

Viss du skal bruke bilen med tilhengar kan det hende du må ha førarkort klasse BE eller C1E, avhengig av biltype og tilhengar.

Elbil?

Me har også elektriske leigebilar. Når du leiger ein elbil får du med ladekabel som passar til både ladestasjonar og som du kan bruke heime.

Automatgir?

Me har både bilar med automatgir og bilar med manuelt gir. Spør oss når du bestiller!

Tilhengar

Me har ikkje tilhengarar for utleige.

Du kan gjerne bruke leigebilane våre til å trekke tilhengar eller campingvogn, men då treng me å vite skiltnummeret på tilhengaren du skal bruke. Du er sjølv ansvarleg for å sikre at kombinasjonen bil/hengar er lovleg, og at du har rett førarkort til dette.

Varebil

Me har varebilar med og utan lasterampe i ulike storleikar. Varebilar på grøne skilt kan du køyre med vanleg B-sertifikat.

Ver obs på at når vegvesenet har teknisk kontroll (merka med blått lastebilskilt og teksten "kontroll") gjeld dette også for varebilar på grøne skilt.

Henting og levering

Med vår ShareBox kan du hente og levere tilbake leigebilen heile døgeret.

Pass på at du får med deg alle tinga dine frå bilen, og at du låser dørene før du leverer nøklane i nøkkelsafen.

Bom og ferje

Bompengar og ferjer som registrerer skiltnummer vert registrerte automatisk, og du betaler desse saman med leigebilrekninga hjå oss. Parkeringsgebyr og eventuelle bøter betalar du direkte.